Her vil vi fortløpande legg ut sakspapir til årsmøtet i Tromsø SV i 2014.
Vi kallar med dette inn til årsmøte i Tromsø SV. Årsmøtet blir laurdag 25. januar klokka 1400-1700 på partikontoret i Søndre Tollbodgate 17.
Saksliste:
- Den politiske situasjonen
- Årsmelding frå styret og kommunestyregruppa
- Rekneskap
- Arbeidsplan
- Budsjett
- Innkomne forslag
- Uttalelsar/Resolusjonar
- Val
Alle sakspair blir fortløpande lagt ut på Tromsø SV sine nettsider: www.tromsosv.no/arsmotet-2014/
Vi er svært glad for at leiaren i Sosialistisk Ungdom, Andreas C. Halse har sagt ja til å komme på årsmøtet. Han vil innleie om “Korfor gjekk det galt for SV og kva gjer vi no?” Vi håper og trur det kan bli ein spennande og god debatt.
Dersom du vil foreslå ein utale eller resolusjon frå årsmøtet set vi stor pris på om du kan sende oss framlegget innan onsdag 22. januar på epost tromso@sv.no. Det vil gje oss høve til å legge framlegga ut på nettet slik at dei andre deltakarane kan lese kva du foreslår, og vi kan kopiere opp framlegget ditt til møtet.
På møtet blir det kaffe og frukt, og vi satsar på at det og blir pizza mot slutten av møtet så vi ikkje mistar all energien!
Vi håper så mange som råd kjem på møte for trivelege og spennande diskusjonar og for å treffe hyggelege folk!
1 comment