Så kom prislappen på eit OL i Oslo. Herlegheita skal koste meir enn 30 milliardar, det meste skal vere offentlege pengar.
Eg meiner det kan vere ein god ide å arrangere OL i Noreg ein gong i blant. Vi kan ikkje alltid reise på besøk og aldri invitere tilbake. Men eg synst det er heilt vanvittig å skulle bruke 30 mrd i det største pressområdet i Noreg. I Oslo klagar det på trengsel over alt. Då kan vi bruke pengane andre stader og på andre ting.
Eg vil heller bygge jernbane til Tromsø. I 1992 rekna NSB ut at det vil koste 7,3 milliardar å bygge jernbane frå Narvik til Tromsø. Dersom vi tredoblar summen for å komme til dagens kostnadsnivå så er det framleis billigare enn eit OL i Oslo.
Dersom Noreg skal arrangere eit OL så bør vi ikkje gjere det på det sentrale Austlandsområdet. Det vil berre skape større problem. Eg skulle gjerne hatt eit OL i Nord-Noreg, men aller helst skulle eg hatt tog.
Innlegg om same tema:Vi treng meir til miljøHurra for NHOVegstøv og slipte tennerVintersyklingIstappar og euro