På onsdag la opposisjonen fram eit felles alternativ til byrådet sitt budsjett for Tromsø. I dette budsjettet finn vi rom for å:
Auke med 40 lærarstillingarBygge 200 kommunale utleigebustaderAuke støtta til dei fattigaste i Tromsø ved å legge SIFO sine satsar til grunn.
Dette er gode saker som SV er godt nøgd med. Dette får vi råd til mellom anna gjennom å kutte uviktige ting som høgresida vil bruke pengar på. Vi foreslår å kutte:
Politiske rådgjevarar 4 millionarKonsulentbruk 7 millionar (det meste går til å førebu privatisering og konkurranseutsetting)Redusert bruk av private vikarbyrå 2 millionar (desse kostar omtrent dobbelt så mykje som kommunale vikarar)Ikkje konkurranseutsette sentralkjøkken og heimetenesta, 8 millionar
No har Høgre og Framstegspartiet gått saman i finanskomiteen om å kutte eigedomsskatten med over seks millionar, kutt som vil gå utover tenestene til innbyggarane i Tromsø. H og Frp vil ikkje seie noko om konsekvensar av dette kuttet, men eg tviler på at dei vil kutte i konsulentbruken sin.
Det er skilnad mellom høgre og venstre også i kommunepolitikken. Det kan det ikkje herske tvil om.
Inn