Programkomiteen er no ferdig med sitt forslag til kommunevalprogram for Tromsø SV. Vi har hatt ein spennande prosess i år. Vi har invitert alle til å vere med å skrive programmet i ein open wiki. I den prosessen har over 1000 menneske vore innom og lest, kommentert eller redigert. Så har programkomiteen arbeidd vidare med framlegget og laga det som ligg her no.
Tusen takk til komiteen som har bestått av:
- Bjarne Rohde (leder)
- Jeanine Ringstad
- Åsne Høgetveit
- Ivar Parmann
- Hilde Lange
- Lizett Skottestad
- Ingrid M. Kielland
Vi inviterer alle medlemmane til å vere med å vedta programmet på medlemsmøte 10. mars klokka 1900 på Saga Hotell.
Kan du ikkje komme på møtet men har framlegg til endringar. Send dei til tromso@sv.no innan 9. mars så blir dei handsama på møtet.