Medlemsmøte om flyktningekrisa

Det blir medlemsmøtet i Tromsø SV om flyktningekrisa på torsdag 26. november klokka 18. Møtet blir på Saga hotell.

Flyktningekrisa er komen nær oss. Men, krisa er nok ikkje først og fremst i Noreg, men i Midt-Austen. Vi inviterer til medlemsmøte for å diskutere flyktningekrisa i heile si breidde.

Kirsti Bergstø, SVs stortingsrepresentant frå Finnmark
Kirsti Bergstø kjem. Kjem du?
Kirsti Bergstø, stortingsrepresentant frå Finnmark og Gunhild Johansen byråd med ansvar for flyktningepolitikken i Tromsø innleier til debatt og diskusjon.

Vi håper du kjem og deltar i diskusjonen.

Framlegg til uttalelse frå medlemsmøtet

Lokallagsleiar foreslår denne uttalelsen til behandling på medlemsmøtet.

No er integrering viktigast

Verda står framfor store utfordringar. Det er svært lenge så mange menneske har vore på flukt i verda som i dag. Fortvilte kvinner, menn og barn flykter frå krig og elende. Dei leitar etter ein plass der dei kan skape seg trygge og gode liv. I ein slik situasjon er det ingen tvil om at Noreg må stille opp og ta mot mange av desse menneskene. Samstundes er det og slik at når så mange er på flukt må vi og prioritere kven vi skal ta mot og gje beskyttelse. 

Tromsø SV meiner derfor det i dagens situasjon er riktig å få fart på sakshandsaminga slik at dei som openbart ikkje vil få flyktningestatus i Noreg blir sendt raskt tilbake. Det er viktig for at dei som treng beskyttelse skal få det, og for at ikkje mange folk skal kaste bort mykje pengar og utsette seg for store farer for å komme til Noreg når dei ikkje kan få bli.

For å handtere dei store straumane av folk er Tromsø SV positive til at Tromsø seier ja til å opprette eit større transittmottak, og at det blir oppretta asylmottak i kommunen. Tromsø SV meiner at asylmottaka bør drivast av kommunane for å sikre god kvalitet og for å sikre at dei pengane vi bruker på asylsøkjarar og flyktningar går til desse menneska og ikkje til å skape privat profitt.. 

Svært mange av dei som no kjem til Noreg treng vår beskyttelse og vil få bli i Noreg. Det aller viktigaste no er derfor å sette fokus på integrering av dei som skal bli lenge i Noreg. Det betyr først og fremst at dei blir kjent med norsk språk og kultur og blir i stand til å delta i det norske samfunnet.

Det er heilt urimeleg at folk som kan jobbe og bidra skal sitte gjerandslause på asylmottak i fleire år utan å lære norsk og utan å kunne jobbe.

Derneste må vi ha eit raskt og effektivt system for å vurdere og innpasse det dei som kjem har av utdanning for å klårgjere korleis dei kan bidra og vise kva dei eventuelt treng av utdanning for å kunne jobbe i Noreg.

Dessverre hadde asylforliket kun eit fokus på å stenge grensene og ikkje eit fokus på korleis vil skal gjere dei som kjem i stand til å delta i det norske samfunnet. Det er ei felles oppgåve å sørgje for at så mange som mogleg kan forsørgje se sjølv gjennom eiga arbeid. Dersom folk blir sittande fast i ei byråkratisk hengemyr med midlertidig opphaldstillatelse eller ørkeslaus venting på svar på søknadane om asyl skaper vi framtidige trygdemottakarar i staden for framtidige arbeidsfolk som bidrar til norsk verdiskapning.

Tromsø SV er glad for at SV på Stortinget tok dette på alvor og sto utanfor asylforliket.

I Tromsø er det mange som ønsker å bidra til denne integreringa og som ønsker å hjelpe, kanskje spesielt ungar som kjem åleine. Det er bra og viktig. Det er berre i samarbeid mellom det offentlege, organisasjonar, bedrifter og borgarane vi kan klare å løyse den store utfordringa det norske samfunnet vil få med å integrere dei som kjem til oss.

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close