I dag har kommunestyret vedtatt å bygge badeland. SV er positive til å bygge badeland, men er skeptiske til den framlagte løysninga. Vi hadde eit alternativt framlegg i kommunestyret som dessverre vart nedstemt.
SV sitt framlegg var:
“Tromsøbadet bygges innenfor en kostnadsramme på 690 millioner kr eksklusiv lønns- og prisstigning med forbehold om godkjent områdereguleringsplan for Templarheimen”
Hovudskilnaden mot det som vart vedtatt er at vi ikkje vil starte bygginga før reguleringa er vedtatt slik at kommunestyret har fått tatt stilling til forholdet til Tromsømarka. Det er delar av den foreslåtte reguleringa som er svært problematisk for Tromsømarka.
Forslaget til SV fekk dessverre ikkje fleirtal.
Grunnen til SV si haldning er kort fortalt:
- Tromsø trenger betre kapasitet på bassengfronten. I dag har vi ikkje godt nok tilbod om svømmeundervisning til elevane, eit nytt badeanlegg vil auke kapasiteten kraftig. Vi treng og betre tilhøve for svømmesporten med 50 meters basseng.
- Vi er skeptiske til den plasseringa som er foreslått på Templarheimen. Mange i SV ville ønska seg ei plassering i sentrum, mellom anna på grunn av transport og byutvikling. Det er dessverre ikkje mogleg å få til no. Dette ville betydd ei utsetting som vil sette blant anna RDA-støtta til prosjektet i fare.
- Vi meiner at det kan vere mogleg å bygge på Templarheimen utan å øydelegge for skiidretten eller å ta delar av marka, men det vil avhenge av områdereguleringa på Templarheimen og plasseringa av badet på tomta der. Dette er naudsynt å få til. Derfor vil vi ikkje sette i gang bygging før reguleringsplanen er vedtatt. Vi meiner og det er feil å vedta bygging no, medan reguleringsplanen framleis er til høyring og ikkje vedtatt.
SV vil jobbe intenst med å finne gode løysningar på Templarheimen som sørgjer for at vi får eit flott badeanlegg, med gode tilbod til elevane våre og innbyggarane i Tromsø, samstundes som vi tar vare på Tromsømarka.