Styret i Tromsø SV kallar med dette inn til årsmøte i Tromsø SV på torsdag 26. januar klokka 1800 til 2100 på Saga Hotell. Vi håper å sjå mange av dokker på møtet. Dette er ei god anledning til å påverke arbeidet i Tromsø SV og å snakke med kommunestyregruppa og andre. Det blir ei politisk innleiing ved Wenche Cumming som er leiar for Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.
Saksliste
- Konstituering
- Politisk innleiing v/ Wenche Cumming
- Årsmelding styret 2016
- Årsmelding fra kommunestyregruppa
- Regnskap 2016
- Arbeidsplan 2017
- Forslag til budsjett 2017
- Uttalelsar
- Val til styret og delegatar til års- og nominasjonsmøtet i Troms SV
Dei sakene som er klikkbare er sakspapira ferdige. Dei andre kjem fortløpande. Valkomiteen vil gjerne ha innspel og forslag, særleg på delegatar til fylkesårsmøtet som er i Tromsø 18.-19. februar. Har du lyst? Send ei melding til Jens Revold (jens.revold@gmail.com).
Vi vil gjerne ha forslag til uttalelsar frå møtet. Fristen er møtestart. Men, fint om vi får dei inn før. Send forslaget ditt til tromso@sv.no
Vedtektene for Tromsø SV finn du her.
Med venleg helsing
Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV