Hev forsvarsevnen, senk spenninga

Noreg treng eit nasjonalt forsvar som bidrar til låg spenning og som samtidig kan stille beredskap i krisetider. Stortinget og regjeringa sin forsvarspolitikk gjer i staden det motsette. Både den nyleg vedtekne Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) og fleire anna tryggingspolitiske vedtak dei seinare åra har gjort Noreg meir avhengig av Nato enn på lenge. Stortingsfleirtalet har ikkje vore villige til å diskutere antalet kampfly som skal kjøpast inn til Forsvaret, og har på den måten bunde opp ein stor del av dei kommande forsvarsbudsjetta på offensive kampfly som ikkje gjer oss tryggare. Dette går sjølvsagt ut over dei andre delane av Forsvaret, og gjer at Hæren, Heimevernet og Sjøforsvaret må kutte.

Tromsø SV meiner at vi må klare balansen mellom eit sterkt nasjonalt forsvar og lågspenning overfor Russland.

Noreg må vise både avspenning og vilje til å forsvare landet. Det er ansvarleg og konsekvent handling i utanriks- og tryggingpolitikken som gjer at spenninga mellom Noreg og Russland kan haldast låg, og at folk i nord kan samarbeide på tvers av grensene. Dette er ikkje til hinder for at Noreg skal kritisere menneskeretts- og folkerettsbrott som russiske styresmakter er ansvarlege for.

Samtidig ser vi ein nyvald president Trump i USA som opptrer på ein uansvarleg og inkonsekvent måte både i utanriks- og tryggingspolitikken. Slik tvil og uro kan alt for lett føre til misforståingar og auke sjansen for unødvendig valds- og militærbruk, og i ein slik situasjon er det i Noregs interesse som naboland til Russland å dempe spenninga.

Tromsø SV meiner at i denne situasjonen må vi distansere oss frå USA, samtidig som vi må bidra til å redusere spenninga mellom oss og nabolanda våre.

Vi krever derfor:

  • Styrking av hæren og heimevernet i Nord-Norge og beholde helikopterne på Bardufoss til støtte for hæren.
  • At den amerikanske basen på Værnes og den britiske basen på Bardufoss blir avvikla og at det sjølvpålagte forbodet mot utanlandske basar på norsk jord i fredstid blir gjeninnført.
  • At allierte styrker ikkje skal trene i Finnmark
  • At Noreg ikkje skal ta del i USA sitt rakettskjold
  • At Noreg skal ta avstand frå Nato sin atomvåpenpolitikk, og støtte eit internasjonalt forbod mot atomvåpen
  • At norske styrker ikkje skal delta i Syria

Vedtatt på årsmøtet i Tromsø SV 26.01.2017

Foto: Enrique Saenz, Marine Forces Europe – http://www.marines.mil; ID 179, Offentlig eiendom, Lenke

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close