Kva skjedde i kommunestyremøtet i oktober?

Desse fire representerte SV i kommunestyremøtet i oktober

Vi hadde titta på sakslista og tenkte då vi gjekk inn i møtet at dette kommunestyremøtet ville bli ganske greitt, og at vi fint burde rekke å bli ferdige med alle sakene, kanskje til og med litt før tida. Så feil går det altså an å ta.

Kommunestyret starta med interpellasjonar og spørsmål. Barbara Vögele frå MdG hadde ein fin interpellasjon om cruisetrafikken som sete fokus på om vi burde redusere cruisetrafikken til Tromsø. Vi meinte dette perspektivet vart litt for snevert, og hadde saman med Ap og Raudt eit alternativt forslag som utvida perspektivet litt. Det som vart vedtatt var:

  1. Kommunestyret viser til at Visit Tromsø og Tromsø kommune er i gang med å utvikle en ny reiselivsstrategi, hvor det i forlengelsen av dette er foreslått en egen cruisestrategi for Tromsø. Denne cruisestrategien har allerede Visit Tromsø, Tromsø kommune, Troms fylkeskommune og Tromsø Havn KF utrykt seg positive til og hatt innledende møter på.
  2. Kommunestyret ønsker at cruisestrategien, skal drøfte begrensinger i kapasiteten i Tromsø på antall cruisepassasjerer i samtidighet. Dette må gjøres ut fra en samlet vurdering av kapasitet på bla. busser, guider, attraksjoner og opplevelser. Målsetningen skal være at Tromsø skal være en god opplevelse for alle turister.
  3. Kommunestyret ber Tromsø havn KF og havnestyret i sitt strategiske arbeid jobbe frem:
  4. a) handlingsplan for at alle skip som anløper Tromsø havn på sikt benytter nullutslippsteknologi ved kai, samt ved inn- og utseiling.
  5. b) vurdering om ytterliggere differensiering av havneavgiftene for å stimulere til utslippsfrie løsninger.
  6. c) ytterliggere satsning på å kunne tilby landstrøm ved kai i Tromsø og bidra til et samarbeid med andre norske og nordeuropeiske anløpshavner for cruiseskip, med sikte på å stille felles krav om landstrøm.
  7. d) økt påvirkning gjennom sine nettverk, til at det utarbeides og vedtas et nasjonalt regelverk som klargjør krav til søppelordning og tungolje.

Vidare hadde Gunhild Johansen eit spørsmål om at ho ikkje får tilgang på informasjon ho har krav på om særavtalar ved 110-sentralen. Der vart vi lova svar innan veke 44.

Kulturplanen

Den første store saka i kommunestyret var vedtaket av kulturplan for Tromsø. Det vart ein lang og god debatt, men det var lite usemje i kommunestyret. Til slutt var det berre Frp som stemte mot planen. Høgre meinte det var ein god borgarleg plan, Venstre meinte det var ein god sosialliberal plan, Ap meinte det var ein sosialdemokratisk plan og vi likte den og, så då var det vel ein sosialistisk plan. Alle fann med andre ord noko å like. Du kan lese den nesten heilt ferdige planen her.

Økonomirapport 2

Diskusjonen om Økonomirapport 2 tok ei evigheit, sjølv om eg vil påstå at det aller meste var sagt etter dei fire første innlegga. Hovudinnhaldet i rapporten er at vi har økonomien under kontroll, sjølv om vi framleis har svært store utfordringar spesielt innafor Pleie og omsorg. Der er det eit meirforbruk samanlikna med budsjettet på over 100 millionar. Litt over halvparten av dette er eit såkalla aktivitetsavvik, som kjem av at det er fleire pasientar enn planlagt for.

Det er vanskeleg å sjå korleis vi kunne unngått dette utan å gjeve dårleg omsorg. Litt under halvparten er effektivitetsavvik. Det jobbar vi hardt med å få gjort noko med. Samstundes er det viktig å merke seg at 2017 blir første gong i alle fall sidan 2007 at forbruket i pengar på denne sektoren blir mindre enn året før om prognosen for 2017 no slår til. Det meiner eg viser at vi er på rett veg.

Vigsel

Staten har bestemt at kommunane skal overta borgarleg vigsel frå tingretten. Det er vel ingen som eigentleg ønska seg denne oppgåva, men vi har ikkje noko val. Vi har derimot eit val om kven som skal stå for vigselen i kommunen. Det vart ein lang og tidvis amper debatt om dette i kommunestyret. Innstillinga var at formannskapets medlemmar i tillegg til ordførar og varaordførar samt nokre frå administrasjonen skulle stå for vigslane.

Grunnen til å utvide til fleire enn ordførar og varaordførar, som er dei som er nemnt i loven, er at med over 170 vigslar i året i Tromsø kan det bli travelt for ordførar og varaordførar. Enden på visa vart likevel at det berre vart ordførar og varaordførar som skulle kunne utføre vigslar saman med tre frå administrasjonen.

Alt anna

Etter å ha gått gjennom desse sakene var møtetida nesten brukt opp, og vi måtte rase gjennom fleire av dei resterande sakene. Verd å nemne kan vere at reguleringsplanen for rulleskiløype på Storelva vart vedtatt. Men, trass i at i ganske kort saksliste og i all hovudsak greie saker kom vi ikkje gjennom sakslista.

Det kan vere grunn til å etterspørre litt meir sjølvdisiplin blant taletrengte kommunestyremedlemmar.

Dei som representerte SV i dette kommunestyremøtet var Ingrid Kielland, Gunhild Johansen, Benjamin Notkevich og Pål Julius Skogholt

Med venleg helsing

Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close