Årsmøtet i Tromsø SV 2018

Innkalling til årsmøte i Tromsø SV

 

Årsmøtet i Tromsø SV blir 23. januar klokka 1800 – 2100 på partikontoret i Søndre Tollbodgate 17.

 

Saksliste til årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste. Val av ordstyrar og møtereferent
  2. Torgeir Knag Fylkesnes innleier til debatt om den politiske situasjonen
  3. Årsmelding frå styret
  4. Årsmelding frå kommunestyregruppa
  5. Rekneskapen for 2017
  6. Arbeidsplan for 2018
  7. Forslag til budsjett for 2018
  8. Val
    1. Styret
    2. Nominasjonskomite
    3. Delegatar til fylkesårsmøtet
    4. Valkomite
  9. Politiske uttalelsar [endra 22.01.18 kl 1600]

Sakspapira blir lagt ut her etterkvart som dei blir ferdige.

Eg håper å sjå deg på eit triveleg årsmøte.

 

Med venleg helsing

 

Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV

 

 

Forklaring til sakene og til nokre viktige begrep:

Årsmøtet er øverste myndigheit i Tromsø SV. Årsmøtet vel styret og andre verv og vedtar politikk i form av uttalelsar.

Ein uttalelse er eit uttrykk for kva Tromsø SV meiner. Det kan vere innspel til SV sentralt i ei nasjonal eller global sak, det kan vere retta til kommunestyregruppa eller fylkestingsgruppa eller det kan vere meint å komme i avisa. Alle medlemmar i Tromsø SV kan foreslå uttalelsar frå årsmøtet. Frist for forslag er søndag 21. januar klokka 2000.

Årsmeldinga er fortellinga om kva som har skjedd i året som har gått. Dette punktet på dagsordenen er vanlegvis tida for kritikk og ros til styret og kommunestyregruppa. Det klan vere ein plass for å påpeike ting som du meiner er gjort bra, ting som er gjort dårleg eller ting vi burde gjere meir av. Vanlegvis endrar ikkje årsmøtet på årsmeldingane men tar dei til etteretning, eventuelt med tillegg.

Rekneskapen viser kva vi har brukt pengar på i året som har gått og kva inntekter laget har hatt. Årsmøtet godkjenner rekneskapen med mindre ein trur at rekneskapen ikkje er rett.

Arbeidsplanen er årsmøtets arbeidsordre til styret for året som kjem. Her er det fritt fram å foreslå det du meiner er det viktigaste vi skal jobbe med i året som kjem. Dei siste åra har arbeidsplanen til Tromsø SV vore på eit overordna plan, og har dermed gjeve styret stor fridom til å velje sjølv korleis dei skal arbeide. Det kan ein vere einig eller ueining i.

Budsjettet viser korleis årsmøtet meiner styret skal bruke laget sine pengar i året som kjem. Her er det fritt fram å foreslå endringar, men husk at dersom du meiner vi skal bruke meir pengar på noko så må du og vise til kor dei pengane skal komme frå.

Val. Styret står for den daglege drifta av laget, innkallar til møte og vedtar politikk for laget. Nominasjonskomiteen foreslår kvan som skal stå på kommunevallista til Tromsø SV ved valet i 2019. Dei som sit i nominasjonskomiteen kan potensielt ha mykje makt, spesielt i ein situasjon der vi blir usamde om kven som skal stå på lista. Det er uansett nominasjonsmøtet, der alle medlemmane har stemmerett som avgjer korleis kommunevallista skal sjå ut. Delegatane til fylkesårsmøtet representerer Tromsø SV på årsmøtet i fylkeslaget. Valkomiteen skal foreslå medlemmar av styret og andre utval på årsmøtet i 2018.

Vedtektene til Tromsø SV finn du her

 

 

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close