Rapport frå kommunestyremøtet 31. oktober

Saka om skolekretsgrensane var den dominerande på dette kommunestyremøtet. Det var ikkje unaturleg, fordi den får store konsekvensar for barn og foreldre i Tromsø. Fleirtalet i SV-gruppa stemte for innstillinga om å dele Gyllenborg og Prestvannet barneskolekretsar mellom Grønnåsen og Sommerlyst.

Utgangspunktet for saka er at Sommerlyst skole er for liten, og kapasiteten er sprengt samstundes som vi har godt med plassar på Grønnåsen og Langnes. Forslaget var å løyse dette gjennom at nokre av dei elevane som tradisjonelt har sokna til Sommerlyst må gå på Grønnåsen.

Det var fleire openbare vanskar med dette forslaget:

  1. Det vil framleis vere slik at mange av elevane bur svært mykje nærmare Sommerlyst enn Grønnåsen
  2. Det at skolane blir delt, betyr og at sosiale nettverk blir delt. Elevar kan oppleve at dei skal starte på ein ungdomsskole, medan alle eller dei fleste av venene skal starte på ein annan ungdomsskole.
  3. Prestvannet skole har spesialavdelinga Hagen, ei avdeling for multifunksjonshemma ungar. Alle som går på Hagen skal til Sommerlyst ungdomsskole, men det at mange av dei dei har gått på skole saman med gjennom heile barneskolen skal til Grønnåsen gjer at desse ungane som er spesielt sårbare vil kunne miste ein del av sitt sosiale nettverk.
  4. På Prestvannet er det ein eigen samiskklasse, og ei satsing på dei som har samisk 2 og 3. Elevane spesielt på samisk 2 og 3, er bekymra for å miste eit samisk språkmiljø om dei ikkje kjem til Sommerlyst, og at dei vil måtte velje mellom samiskundervisning og venene sine.
  5. Mange får lengre skoleveg, og delar av denne skolevegen er ikkje spesielt god. Det vil kunne føre til at fleire blir køyrt til skolen og at trafikken vil auke.

Kva er så løysninga? Den litt langsiktige løysninga er at kommunen får overta Mellomvegen 110, den gamle lærarskolen og opprettar ungdomsskole, evt. 1-10 skole der. Det vil kunne løyse kapasitetsproblema på sør-Tromsøya, både for Bjerkaker skole og Sommerlyst ungdomsskole. Men, det er for tidleg å seie noko veldig fast om når denne løysninga kan vere på plass. Det kan fort ta fire år.

Ein del av foreldra har foreslått eit modulbygg på Bymyra som ei mellomløysning. Det er ein del utfordringar med dette. Modulbygg er sjølvsagt ikkje like gode skolelokale som ordinære bygg, men fungerer OK i ein mellomperiode Men, eit modulbygg på Bymyra vil i beste fall koste 25 millionar for fire klasserom i følgje utbyggingstenesta i kommunen. Den kostnaden inneheld ikkje spesialrom som vil måtte komme i tillegg. Spesialromma på Sommerlyst har ikkje kapasitet til å ta mot fleire elevar. I tillegg kjem at driftskonstandane vil vere høgare på eit modulbygg som vil krevje oppbemanning heller enn å ta det på ein eksisterande skole.

Det har vore ein diskusjon om å ta i bruk modulbygget som no står på Solneset. Det bygget oppfyller ikkje dagens tekniske forskrifter og kan ikkje brukast.

I denne situasjonen meinte fleirtalet i gruppa at det pedagogisk beste tilbodet for elevane ville vere ved Grønnåsen skole. Det er problematisk å ikkje kunne tilby gode fasilitetar for mat, naturfag etc.. Benjamin Notkevich var usamd og stemte for modulbygg med denne grunngjevinga:

Det handler om hele filosofien bak Tromsø-pakken som dreier seg om fortetting og at vi skal ha mulighet til å bevege oss uten bil. Nå er det elever som i dag har to minutters skolevei, men som kan få en skolevei som tar 50 minutter.

Økonomirapport 2

Økonomirapporten var ikkje lystig lesing. Samtidig skal vi ikkje velte oss i misere, for så miserabelt er det trass alt ikkje. Vi har bygd opp eit disposisjonsfond som gjer at vi klarer å handtere denne situasjonen, samstundes kan vi ikkje halde på på dette viset i mange år. Då går det veldig galt.

Dei aller fleste avdelingane i kommunen har god budsjettdisiplin og skal ha honør for det. Men også der det er eit stort overforbruk samanlikna med budsjett blir det gjort eit svært godt arbeid under vanskelege forhold. Befolkninga i Tromsø har eit svært godt tilbod. Vi kan vanskeleg laste dei som jobbar innafor pleie og omsorg for at vi i lang tid har underinvestert i bustader og instiusjonar.

Det aller viktigaste no er å få gjort desse svært viktige investeringane, der budsjettet for 2019 og økonomiplanen er eit viktig steg i rett retning, i tillegg må vi satse hardare på meistring og rehabilitering. Det å bidra til ei friskare befolkning og ikkje berre god pleie er det aller viktigaste vi kan gjere. Utfordringa, nei la oss seie problemet, er at dette kostar pengar og tar tid før det får verknad. Samstundes er det ingen tvil om at det er her dei store pengane kan hentast inn.

Derfor er jo og punkt 11 i formannskapet si innstilling som vi foreslo saman med Ap og R svært viktig.

Arbeidet med å gjennomføre endringen av tildelings- og finansieringssystemet innenfor helse- og omsorg skal intensiveres, i tråd med vedtak i kommunestyret av 26.04.17 og 21.03.18

  • Lavterskel- og forebyggende tiltak som arbeid og aktivitet, rehabilitering og velferdsteknologi må prioriteres.
  • Oppfølging av enheter som har utfordringer i driften må prioriteres på alle leder- og støttenivå.

Eg vil og gjerne trekke fram dette punktet i økonomirapporten:

En del av effektivitetsavviket skyldes kjøp av omsorgstjenester fra private, der utgiftene som regel er vesentlige høyere enn budsjettert. Enhetene tildeles budsjettmidler tilsvarende det man regner at tjenesten ville kostet i kommunal regi. Faktiske utgifter er som regel vesentlig høyere, og differansen havner da som effektivitetsavvik. De fleste kjøp av slike tjenester gjøres i dag på grunn av mangel på omsorgsbygg, og enhetene har dermed i liten grad mulighet til å yte disse tjenestene i egen regi.

Det er i alle fall ingen tvil om at privatisering og konkurranseutsetting ikkje er vegen å gå.

Kommunedelplan for idrett og friluftsliv

Vi meinte dette er ein god plan, det er likevel to ting vi stussa på. Det eine er forståinga av bydelar. Det andre er at Tromsø Spektrumprosjektet ikkje er problematisert meir.

I denne planen er Tromsø delt i fire bydelar. Det er ganske så grovmaska. I ein situasjon der det å redusere transportbehova i byen og bygge nærmiljø for oss alle, så blir dette alt for grovt. Det å seie at Kroken og Reinen er same bydel er i alle fall noko underleg.

Som ein del av dette er vi litt redd for at vi bygger for stort og sentralt i Tromsø. I denne planen blir det lagt opp til nok ei stor utbygging på Templarheimen. Vi trur at trafikkutfordringane blir store nok der oppe med Tromsøbadet og å plassere eit nytt stort anlegg der blir heilt feil. Vi er bekymra for at vi med dette startar å rulle ein snøball som vi ikkje klarer å stoppe, litt som det skjedde med Tromsøbadet, der det var brukt så mykje pengar på å planlegge oppe på Templarheimen at vi var litt bondefanga til å måtte bygge der.

Vi trur befolkninga i byen ville ha mykje større nytte av fleire mindre hallar rundt om i bydelane enn eit stort anlegg plassert sentralt og med ein ukjent kostnad. Mindre hallar (to handballflater) får ein kjøpt meir eller mindre nøkellferdige for 50-60 millionar kroner. Vi er ganske sikre på at tre eller fire slike hallar vil vere betre for byen enn eit kjempeanlegg.

Vi meiner likevel at det er for tidleg å avvise Tromsø Spektrum, men meiner at vi må gardere oss.

Vi foreslo og fekk vedtatt dette tillegget til innstillinga:

Parallelt med utgreiinga av Tromsø Spektrum skal det utarbeidast eit alternativ med fleire mindre hallar i bydelane for å dekke behovet for treningstid for hallidrettane. Kommunestyret vil på eit seinare tidspunkt ta stilling om det eine eller det andre skal realiserast.

Øvrige saker

Ei av dei aller viktigaste sakene i denne perioden, Klima- og miljøplanen fekk vi for lite tid til, så den er utsett til møtet i november.

Vi hadde to interpellasjonar i dette møtet. Om utflytting av statlege arbeidsplassar og om Nordnorsk filmkommisjon. Den om statlege arbeidsplassar fekk fin omtale i Nordlys.

Saka om Ung data viser at ungdom i Tromsø stort sett har det bra, men at alt for mange, spesielt jenter, slit med psykisk helse. Dokumentet er verd å lese om du er interessert i korleis ungdomen vår har det. Du finn barneskolerapporten her, og ungdomsskolerapporten her.

Denne rapporten er allereie blitt alt for lang, spør heller om du lurer på noko om dei resterande sakene:

  • KVALITETS- OG UTVIKLINGSMELDING 2017 FOR TROMSØ KOMMUNE
  • FORSLAG TIL BUDSJETT 2018 FOR TROMSØBADET KF
  • AKSJONÆRAVTALE – REMIKS MILJØPARK AS
  • KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT OG FRILUFTSLIV 2018-2021
  • ENDRING I REGLEMENT FOR ARBEIDSVILKÅR OG GODTGJØRELSE AV FOLKEVALGTE
  • LEDENDE ANSATTES OVERGANG TIL PRIVAT VIRKSOMHET
  • SAMARBEIDSAVTALE OM AKUTTBEREDSKAP I BARNEVERNET – TROMSØ KOMMUNE OG LONGYEARBYEN LOKALSTYRE
  • FINANSRAPPORT PR. 31.08.2018 – TROMSØ HAVN KF
  • ØKONOMIRAPPORT 2 31. AUGUST 2018 – TROMSØ HAVN KF
  • FINANSRAPPORT 2 PR. 31.08.2018
  • SALG AV EIENDOM – VERFTSTOMTA – TILLEGGSAREAL
  • SØKNAD OM FRITAK OG NYTT VALG TIL HÅLOGALAND LAGMANNSRETT

Dei som representerte SV i dette kommunestyret var Gunhild Johansen, Benjamin Notkevich, Åsne Høgetveit og Pål Julius Skogholt.

Mvh

Pål Julius Skogholt

Pal.julius@skogholt.org/97077457

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close