Det skulle ikkje forundre seg mykje om dette viser seg å vere det kommunestyremøtet i år der det er aller minst kontroversar og usemje. Dei aller fleste vedtaka vart gjort med stort fleirtal på tvers av blokkgrensene.
Dei første to timane av møtet gjekk i stor grad til ulike spørsmål til administrasjon og ordførar. Svært mange av spørsmåla handla om koronasituasjonen og korleis kommunen handterer denne.
Utbyggingsprogrammet
Den første saka som vi behandla var utbyggingsprogrammet. Det er første gongen kommunen vedtar eit utbyggingsprogram. Eg synst det har vore litt vanskeleg å få grep om formålet med programmet. Men hovudfunksjonen er å prøve å sjå på samanhengen mellom bustadbygging og bygging av kommunal infrastruktur i byområdet. Det skal vere med på å sikre at vi har skolar, barnehagar og omsorgsbustader nok der vi skal bygge nye bustader. Utbyggingsprogrammet er ikkje juridisk styrande, men vil sjølvsagt vere med på å legge grunnlaget for kommuneplanens arealdel som juridisk kartfestar kvar det skal vere lov å bygge og ikkje lov å bygge.
Vi har vore opptatt av to ting, som delvis er i motsetnad til kvarandre. På den eine sida vil vi bygge ein tett by for å minske behovet for bilbruk. På den andre sida vil vi sikre tilgang på tomter som gjer at nye bustader som skal byggast ikkje blir svært dyre.
Vi var derfor svært nøgd med desse punkta som kom med i vedtaket:
• Tromsø kommune skal prioritere boligbygging og formålsbygg i områder det er enkelt å velge gange, sykkel og kollektiv som transportmiddel. Programmet skal ikke forstås slik at utbygging kun skal skje innenfor 2,5 km fra Tromsø sentrum. Det er verken mulig eller ønskelig.
• Tromsø kommune skal prioritere boligbygging og formålsbygg i områder som styrker eksisterende bystruktur, herunder lokalsentra og samtidig best bidrar til dekking av etterslep i offentlig infrastruktur.
• Det skal innhentes et eksternt grunnlag som analyserer hva som er kostnadsdriverne i boligmarkedet i Tromsø. Denne analysen skal ligge til grunn for kommunens revisjon av KPA.
Vi stemte og for dette forslaget frå Raudt:
• Som del av denne analysen må det ses på boligutvikling/bygging som næringsvirksomhet og investeringsområde. Herunder konsekvensene investering i kjøp av bolig for videresalg, kjøp av bolig for utleie (også AirBnB og annen korttidsutleie), bolig som spareobjekt, betydninga av lav rente, rentefradrag på boliglån, lav skattemessig verdisetting etc. har for boligbygginga.
Desentralisering av kommunale arbeidsplassar
Personleg er eg glad for at forslaget frå SV om å gjere det mogleg for kommunalt tilsette som har ein kontorjobb skal kunne få arbeidsplass i bygdene våre der kommunen har ledige lokale. Eg trur ikkje dette vil bli revolusjonerande, men det kan vere med på å gjere det lettare å bu eller busette seg i bygdene i Tromsø. Forslaget som vart vedtatt var:
Kommunestyret ber administrasjonen utgreie kvar det finst eller enkelt kan gjerast tilgjengeleg kontor utanfor rådhuset og korleis ein kan legge til rette for at kontoransatte kan ha sin daglege arbeidsplass utanfor Rådhuset. Saka skal leggast fram for kommunestyret innan juli 2021.
Les meir om dette forslaget her.
Vi vedtok og to reguleringsplanar. For Tindvegen i Tromsdalen og Ringvegen i Hamna.
Tromsø Internasjonale skole
Vi er og glade for å ha bidratt til at Tromsø internasjonale skole får seg nye skolelokale gjennom at vi gav ein kommunal garanti på 34 millionar til dette.
Kjøp av «Slottet»
Ei sak som har vore litt diskutert er kjøpet av Slottet (driftsbygninga og området til dei tekniske etatane i kommunen) frå Tromsø kommunale pensjonskasse og tilbake til kommunen. Den saka vart trekt av administrasjonen. Vi får den sannsynlegvis tilbake i samband med budsjettet for 2022.
Heile sakslista til kommunestyremøtet finn du her.
Det var alt for denne gongen. Dei som representert SV i kommunestyret var Maja Lockert, Abdalla Ali Mohammed, Gunhild Johansen, Benjamin Notkevitch, Sigrid Hammer, Åsne Høgetveit og Pål Julius Skogholt.
Ta gjerne kontakt med oss om du har innspel eller kommentarar. Du finn kontaktinformasjon og ansvarsområde på denne sida.
Med venleg helsing
Pål Julius Skogholt