Kommunestyregruppa inviterer medlemmane til eit møte for å diskutere prinsippa for skolestrukturen i Tromsø.
Når: 13.10.2021 klokka 1800
Kvar: Formannskapssalen på Rådhuset
I oktober skal Utdannings- og oppvekstutvalet diskutere prinsippa for framtidig skolestruktur i Tromsø. Før det skjer vil vi gjerne høyre innspel og tankar frå medlemmane i Tromsø SV.
På møtet vil vi og vere innom eit par andre saker som skal opp i Oppvekst- og utdanningsutvalet
Benjamin Notkevich vil innleie til debatt/diskusjon med utgangspunkt i saka som administrasjonen legg fram.