Årsmelding frå styret 2013

Styret i Tromsø SV har hatt slik samansetning etter konstituering 07.02.13  (valt på årsmøtet 02.02.13):

Leiar Pål Julius Skogholt

Nestleiar Gunhild Johansen

Skrivar Ellen Herland

Kasserar Bjarne Rohde/Pål Julius Skogholt

Styremedlemmar Jens Revold

Kjerstine Solheim

Terje Håkstad

Ludvig Kristoffersen (SU)

Varamedlemmar: Tone Bjørnsen

Jørund Jørgensen  

I tillegg var styret samde om følgjande:

1. mai komitéen Bjarne Rohde

Ansvar for Facebook, Twitter, hjemmeside m.m. (kommunikasjonsansvarleg.  Terje Håkstad

Oooooooooooo

2013 har vore eit utfordrande år for SV, både lokalt og nasjonalt. I kommunen kjempar vi mot ein kompakt høgremajoritet som gjer at det meste vi foreslår blir slag i lufta, men likevel viktig for å vinne opinionen. Også i år har det vore kampen for å stoppe privatisering og konkurranseutsetting som har stått i fokus. Ein del av dette er ein kamp for demokratiet. Vi ser at høgrepartia legg meir og meir makt og mynde ut i aksjeselskap, gjerne heileigde av kommunen. Det som skjer er likevel at eit aksjeselskap blir styrt på ein annan måte enn kommunale foretak eller kommunale etatar. Det vil vere aksjeloven, ikkje kommunelov og offentleglov som legg rammane for arbeidet i desse selskapa. Det opnar og opp for ei seinare privatisering.

Bustadpolitikk har vore eit anna viktig tema. Vi har hatt fleire framlegg både om å få i gang den allminnelege bustadbygginga og om kommunale utleigebustader. Også dette arbeidet vil måtte halde fram.

Det har også i 2013 vore eit klårt mål for styret å være pro-aktiv når det gjeld å formidle Tromsø SV sine synspunkt til aktuelle saker og problemstillingar lokalt og sentralt.  Det har vært aktivitet på sosiale medie som Facebook og Twitter, men også på heimesida og i lokalavisene.

Stortingsvalet 2013

2013 var eit valår og styremøte, medlemsmøte m.m. har vore prega av dette. Valresultatet var ein katastrofe for SV. Vi fekk fire prosent nasjonalt, og berga oss over sperregrensa med eit naudskrik.

SV i Troms fikk 6,4 % av røystene og vart beste SV-fylke i landet.  68% av desse røystene var i Tromsø og 45% var på sjølve Tromsøya. I Tromsø fekk vi 9,5% og 67 fleire røyster enn ved stortingsvalet i 2009, ein tilbakegang på 0,7 prosentpoeng. Tromsø var den tredje beste SV-kommunen i landet. Valdeltakinga i Tromsø var på 75%.  Av kretsane på Tromsøya, var Bjerkaker beste SV-krets.  .

Vidare er å seie om valkampen:

Det var enkelt å få folk til å stille opp.  Både unge og litt mer tilårskomne medlemmer. Vi gjennomførte to roderunder. Den første runden vart noko amputert mellom anna fordi vi fekk materialet seint og rodegangen kom til å kollidere med fellesferien.

Førstekandidat Torgeir Knag Fylkesnes gjorde ein flott jobb i media.  Var tydelig og direkte og fikk mykje kredit for dette både frå sympatisørar og andre.  Og ikkje minst i Nordlys, som hadde ein flott leiar om dette like før valet. Gode annonsar i media, delvis betalt av partiet sentralt.

450.000 visninger på Facebook, og brukte 6400 kroner i annonsering på facebook..

2 gode arrangement:

Medlemsmøte/opent møte på Kafè X 13.08.13.  Ca. 50 personer møtte.  God stemning!

Valkamppninga på Verdensteateret 16.08.13 – med Torgeir og Audun Lysbakken.

Valgkampsekretær Terje (Håkstad) gjorde ein glimrande jobb under heile valkampen og hadde et flott team rundt seg på partikontoret.

Slik styret vurderer det, var SV-valet 2013 i Tromsø og valkampen her eit eksempel for andre SV-lag i landet ved seinare val.  Vi har fått fine tilbakemeldingar og mange vil lære av oss.

Styremøter

Styret har hatt 12 styremøte i perioden 10.01. – 21.11.13..  Oppmøtet har vært litt varierande, men nok til at vi var vedtaksføre. Engasjementet stort.  Eitt av møta var heime hos Gunhild Johansen, eitt hos Pål Julius Skogholt og dei resterande på partikontoret.

Medlemsmøter/opne møte i 2013

  • 20.05.13: Medlemsmøte.   Tema:  Valkampen
  • 20.04.13: Fylkeslags-/medlemsmøte:  ”Ja til Nord-Noreg”.  Dei 3 øvste kandidatane i fylket + Audun Lysbakken.
  • 27.04.13: Heikki var her.  Miniseminar:  Norsk fiskeri og akvakulturbistand.  Også møte med SU.  Sted:  Globus Kafé.
  • 13.08.13: Opent møte Kafé X.  Kristin H./Torgeir.  Ca. 50 personer møtte.  Godt møte flott møtested.  God servering.
  • 16.08.13: ”Kickoff” på Verdensteatret med Audun Lysbakken og Torgeir Knag fylkesnes i samband med besøk av SV-bussen.
  • 10.10.13: Medlemsmøte.  Partikontoret.  18 frammøtte.  ”Oppsummering valet og vegen vidare”.  Torgeir:  Den politiske situasjonen nasjonalt.  Gunhild:  Den politiske situasjonen lokalt.  2 uttaleler samrøystes vedtatt i møtet.  1.  Kommuneøkonomien.  2. Erstatt dagens byrådsmodellmed en demokratisk Tromsø-modell.  Et konstruktivt, engasjerende og kjekt medlemsmøte!
  • 02.12.13 Medlemsmøte Tema:  Kommunebudsjettet.  Samarbeid med andre parti i Tromsø.

Arbeidsplan 2013 for Tromsø SV

Arbeidsplanen for 2013 var omfattande, men er i stor grad oppfylt. Den var delt i tre hovudbolkar, valkamp, politisk arbeid og organisasjonsbygging. Store delar av det politiske arbeidet er omtalt i kommunestyregruppa si forteljing. I den organisatoriske bolken er det meste følgt opp. Vi har fått på plass hyppigare epostar til medlemma med informasjon om kva som skjer i laget, og har invitert til fleire møter. Det er to ting vi ikkje har vore gode nok på, og som må arbeidast meir med. 1. Å involvere medlemmane i å utvikle politikk for kommunen og landet og 2. å ha gode debattarenaer spesielt for nasjonale spørsmål. Det blir viktig å få til i året som kjem.

Medlemstallet i Tromsø SV pr. 31.12.13 var:  189 (Pr. 31.12.12: 172)

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close