Konsekvensar av tre år med høgrestyre


forside av notatFor litt over tre år siden vann høgresida valet i Tromsø. Dei vann på lovnadene om ein heilt ny kurs for kommunen der det raudgrønne vanstyret skulle avløysast av kloke løysningar for ein enklare kvardag. Eigendomsskatten skulle bort og Tromsø skulle ikkje vere med i forvaltningsområdet for samiske språk. Det viktigaste først, sa Frp i valkampen. Nye løysingar, sa Høgre.

Kva er så viktigaste for høgresida og kva inneber dei nye løysingane?

H og Frp er i ferd med å omdanne det norske samfunnet frå eit samfunn der fellesskapet står sterkt til eit marknadsliberalistisk samfunn der alt skal målast i pengar. Det er den einaste verdien dei er interesserte i. I Tromsø er det no viktigare at det luktar asfalt enn at folk som treng det, har ein skikkeleg plass å bu. Alle dei negative endringane som har skjedd i Tromsø desse tre åra, har skjedd mot SVs stemmar. Vi har argumentert mot dei negative konsekvensane av konkurranseutsetting og privatisering, mot at kommunekassa blir tømt for å fylle opp eigenkapital i den nye pensjonskassa og i nye kommunale aksjeselskap, vi har hatt heilt andre tilnærmingar til korleis skole, helse og byutvikling skal løyse oppgåvene for innbyggjarane.

Utviklinga som har skjedd i Tromsø denne perioden er H, V, Frp og Krf sitt ansvar. Men, kva har det blåblå styret eigentleg betydd for innbyggarane i Tromsø?

Her eit forsøk på å gje nokre svar:

Last ned notatet med gjennomgang av kva som har skjedd eller les dei ulike kapitla ved å bruke lenkane under her.

Kom gjerne med innspel til tromso@sv.no

Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!

                                                     

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close