Har skattar og avgifter blitt redusert etter at dei blåblå overtok slik dei lovte? Nei, det motsatte som har skjedd. Rett nok har eigedomsskatten gått marginalt ned, med 6,7 millionar, men det meste av andre avgifter har gått opp. Tabellen nede viser utviklinga av ulike skatter og avgifter i Tromsø etter at dei borgareleg har tatt over. Den tjukke svarte streken nederst i grafen er utviklinga i konsumprisindeksen (prisutviklinga på varer og tenester), for å ha noko å samanlikne med.
Prisane på alle kommunale tenster har stige meir enn konsumprisindeksen. Det dette betyr er at vi har fått ei lita lette for dei som eig eigen bustad. Men absolutt alle, også dei som ikkje har råd til eiga hus er med på å betale kostnaden for dette gjennom at SFO, kulturskole, besøk i svømmehall, bruk av idrettshall og så vidare er blitt mykje dyrare.
Men, det er god og kjent borgarleg politikk å overføre frå dei som ikkje har til dei som allereie har.
Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!
Tilbake til førstesida
Neste kapittel – Privatisering og konkurranseutsetting