Det aller første dei borgarlege gjorde var å kutte leirskolen frå budsjettet. Det var lite populært blant elevane! Etter ein storm av protestar, fann byrået mirakuløst nok nokre millionar slik at ungane kunne få behalde denne viktige veka.
Ellers verkar det som om hovudsatsinga til høgrebyrådet i Tromsø når det kjem til skole er å sørge for at ungane våre ikkje skal få frukt og grønt i skolen. Dei meiner det hemmar kunnskapsutviklinga dersom vi skal tru på det skolebyråd Fyhn skriv i eit innlegg i iTromsø den 7. mars 2014.
Det som er problemet i tromsøskolen er ikkje at elevane får litt frukt og grønt i løpet av dagen, problemet er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har kutta i skolebudsjettet sida dei kom til makta. Vi vil anta at skolebyråden har oppdaga at desse kutta har fått konsekvensar for kvaliteten i skolen og i eit febrilsk forsøk på å sette plaster på det såret ho og resten av byrådet har skapt vil ho ta frukten frå ungane.
Kor store er kutta? Det er litt avhengig av korleis du reknar, men om vi skal vere snille var kutta på nesten ni millionar i 2012 og nesten sju millionar i 2013. Då dei såg at det ikkje gjekk, vart litt av dette tilbakeført i 2014. Det er ingen tvil om at skolen har vore tapar dei åra byen har vore styrt av høgrepartia. Dette betyr at det er færre lærarar som kan ta seg av ungane våre.
Det er direkte frekt å sette opp ein motsetnad mellom skolefrukt og det å satse på skolen. Det som er realiteten er at det er ein motsetnad mellom høgrepolitikk og det å satse på skolen.
Arbeidstid
Ein av dei store diskusjonane i vår har vore arbeidstida til lærarane. KS, som er arbeidsgjevarorganisasjonen til kommunane har kjempa for mindre fleksibilitet og at lærarane skal vere på skolen medan elevane har ferie. SV meinte derfor saman med opposisjonen at det var viktig at Tromsø kommune sa i frå om at i denne saka representerer ikkje KS Tromsø Kommune. Det ville dessverre ikkje høgresida i kommunen vere med på.
Forslag i kommunestyret 26. februar, nedstemt med 25 mot 18:
KS vil fjerne de sentrale bestemmelsene i arbeidstidsavtalen for lærere som sikrer tid til for- og etterarbeid. De vil spre lærernes arbeidstid fra dagens 39 uker til opptil 45 uker. Lærerne skal altså være mer på skolen når elevene har fri – og mindre når elevene er på skolen.
Tromsø kommune anser KS» forslag som en provokasjon mot lærerne og en trussel mot kvaliteten i skolen. Dagens avtale skjermer for at kommuner med dårlig råd kan kutte i budsjettene ved å pålegge lærerne mer undervisning og mindre tid til forberedelser og etterarbeid. Uten sikringer for dette risikerer man at det i realiteten blir kommunebudsjettet, og ikke elevenes behov for god undervisning, som kommer til å styre lærernes arbeidstid og arbeidsoppgaver. Resultatet blir at elever i landet vårt ikke lenger får et likeverdig skoletilbud.
Det er et angrep mot den norske enhetsskolen. Tromsø kommune frykter at forslaget til KS vil gi lærerflukt og bidra til lavere rekruttering. I dag underviser mer enn 10.000 personer i norske skoler uten å ha lærerutdanning. Dårligere rammebetingelser i arbeidstidsordningen vil verken bidra til å bøte på dette eller gjøre yrket mer attraktivt.
Drøyt 15 prosent av lærerne i Norge – 12 000 lærere – er 60 år eller eldre. 7 200 er 62 år eller eldre og kan dermed førtidspensjonere seg allerede i dag. Mange truer med å gjøre nettopp dette dersom KS sitt forslag til arbeidstidsavtale for undervisningspersonale får gjennomslag.KS sitt forslag til ny arbeidstidsavtale for lærerne innebærer et angrep på lærernes forhandlingsrett. Når arbeidstidsordninger forflyttes fra demokratiske forhandlingsprosesser til lederes styringsrett, basert på kommuners økonomi, fjernes en forutsigbar arbeidstidsordning og erstattes av lederholdninger og økonomiske tilfeldigheter. Dette tjener ikke den norske enhetsskolen. Tromsø kommune ber derfor KS om å trekke forslaget.»
Byrådet i Tromsø meiner altså det same som KS måtte gje seg på i forhandlingane med lærarorganisasjonane i haust.
Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!
Tilbake til førstesida
Neste kapittel – Bustadpolitikken i Tromsø