Vedtekter for Tromsø SV

Bakgrunn

Desse vedtektene vart sist revidert på årsmøtet i Tromsø SV i 2022. Det kan vere lurt å sjå desse vedtektane saman med partiets sentrale vedtekter. Dei finn du her.

Innleiing

§ 1 Tromsø SV er kommunelaget til SV – Sosialistiske Venstreparti i Tromsø kommune og er basert på prinsipprogrammet vedtatt på landsmøtet til SV.
§ 2 Desse vedtektene er underordna vedtektene nasjonalt og i fylket

Om styret

§3 Styret i Tromsø består av det talet medlemmar som årsmøtet bestemmer, men minimum tre personar. Valperioden er to år, men slik at tilnærma halve styret er på val kvart år. Det skal tilstrebes at minoriteter er representert i styret.

§4 Gruppeleiaren for kommunestyret tiltrer styret med fulle rettar.

§5 Sosialistisk Ungdom vel ein representant til styret i Tromsø SV som møter med fulle rettar.

§6 Vararepresentantar har møte-, tale- og forslagsrett i alle styremøter.

Om kommunestyregruppa og partiskatt

§7 Partimedlemmer som har betalte verv, betaler partiskatt til kommunelaget. Styret fastsetter satsene, som bør holdes på et nivå som er i tråd med nasjonale satser. Styret kan fastsette nærmere bestemmelser om berekning og betaling av partiskatt.

§8 Styret kan etter søknad gje heilt eller delvis fritak frå partiskatten.

§9 Kommunestyregruppa skal forelegge alle vanskelege eller prinsippielle saker for styret som avgjer om saka skal handsamast i eit medlemsmøte.

Om medlemsmøtet

§10 Leiar eller eit fleirtal i styret kan innkalle til medlemsmøte. Styret skal innkalle til medlemsmøte dersom minst 30 medlemmer krever det. Dersom mogleg bør medlemsmøtet innkallast med eit varsel på minst ei veke. Medlemsmøtet kan instruere styret i politiske og organisatoriske saker.

Om økonomi

§11 Leder gis signaturrett og signerer for Tromsø SV. Styret kan oppnevne prokurister når det er hensiktsmessig for å ivareta driften av organisasjonen.

Om nominasjonen

§12 Årsmøtet skal i år før år det er kommuneval velge ein nominasjonskomite
§13 Nominasjonskomiteen skal legge fram eit forslag til kommunevalliste for nominasjonsmøtet. Det skal tilstrebes at minst ein av dei forhåndskumulerte kandidatene har minoritetsbakgrunn.

Om vedtektene

§14 Desse vedtektane kan endrast av årsmøtet med allminneleg fleirtal.

Vedtatt på årsmøtet i Tromsø SV 29.01.16. Dei avrt sist revidert på årsmøtet 13.01.2022. 

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close